Til hovedsiden


Søk i:
Folketellinger
FT avansert
Kirkebok
Matrikkel1886

Dokumentasjon
Eilert Sundt

Linker
Adresser


tr
tr tr
tr
tr English

ÅRSRAPPORT 2007


GENERELT OM RHD
RHD blei oppretta i 1981 og er i dag ein permanent institusjon ved Det Samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Tromsø. 8 ½ faste stillingar er knytta til dataregistrering, mens til saman 4 ½ faste stillingar hadde ansvar for administrativ- og fagleg leiing, konsulenttenester, kontordrift og IT-drift, til saman 13 stillingar. Éi ledig registratorstilling har stått tom sidan 2003 grunna tilsettingsstopp. I tillegg har administrative leiar Terje Holtet og konsulent Turid Jakobsen sagt opp sine stillingar utan at nye er tilsett. Dette set tronge grenser for den servicen RHD kan gje til forskarar.

RHD er ein permanent institusjon som har til formål å gjere historisk kjeldemateriale, som mellom anna folketeljingar og kyrkjebøker, lettare tilgjengeleg for brukarane. Elektronisk handsaming av historisk kjeldemateriale gjer det mogleg å gje ei sikrare tyding av den sosialhistoriske og demografiske utviklinga, men kjeldene blir og nytta på andre fagområde som namnegransking og geografi. Hovudarbeidet er å dataregistrere folketeljingar og kyrkjebøker. RHD produserer maskinskrevne versjonar av kjeldene med alfabetiske register. Kjeldene er primært tilgjengeleg på internett, både for personalhistoriske søk og statistisk forsking. RHD representerer Noreg i det internasjonale samarbeidet om datahandsaming av historiske persondata.

MÅLSETJING
Formålet er på lang sikt å byggje eit nasjonalt folkeregister for 17- og 1800-talet, primært til bruk i forsking, men med nytteverdi for andre formål som skulebruk, slektsgransking, lokalhistorie, bygdebokarbeid etc.

Dataregistrert historisk kjeldemateriale er til uvurderleg hjelp for historikarar og demografar og andre forskarar som ynskjer å studere historiske samanhengar og endringar over tid. Kjeldemateriale på individ- og lokalnivå er i stor grad ein føresetnad for by- og bygdehistorikarar og mastergradsstudentar i historie. Arkivmateriale i si originale handskrevne form kan vere vanskeleg å tyde og forstå. Alfabetiske register sparar forskarar og arkivpersonale for mykje arbeid i samband med sporing av personopplysningar. Dessutan unngår vi fysisk slitasje på det originale kjeldematerialet. Kjeldematerialet er ferdig tilrettelagt i ulike databaseformat (Access, Oracle) og statistiske format (Excel, SPSS) for vidare bruk.

KJELDEMATERIALE
Oversikta under syner det totale tal på individ frå folketeljingar, som er registrert i RHDs database.

År 1865 1875 1891 1900 1910 Sum
Antall 373048 551094 64196 520225 276314 1784877

RHD har registrert til saman ca 1.784.877 personinnførslar frå folketeljingane. For 1875-teljinga gjeld nye registreringar berre eit 2% utval av hushalda. Personinnførslar frå folketeljinga 1910 er klausulert til 2010, og personane vil ikkje kunne søkjast etter på internett før då. Dei utdraga som er registrert frå 1910-teljinga, kan inntil 2010 berre nyttast for statistisk forsking og berre når det er gitt særskilt løyve frå Riksarkivet.

Ved hjelp av innsatsen frå Digitalarkivet (Riksarkivet) har vi no dataregistrert heile 1865- og 1900-teljingane i Noreg. Desse teljingane er tilgjengeleg for søking på internett. Tabellen under syner kor mange personar i kvar folketeljing ein kan søkje etter på internett.

år 1865 1875 1900
 Antall   1684482   645777   2294599 

Frå kyrkjebøkene er det registrert personinnførslar frå desse kjeldetypane:

Kirkebok Dåp Konf. Vielse Begr. Sum
Antall  149762  22680 27568 138545 338555

Folketeljingar og kyrkjebøker blir distribuert i bokform, på CD og på internett. Anna datamateriale er og gjort tilgjengeleg på internett. RHD sine databasar inneheld namnedata for andre kjeldetypar som:

  • Skifteprotokollar 1)
  • Gardsmatriklane for 1838 2), 1886 3) og 19074)
  • Flyttelister og inn- og utvandringslister frå kyrkjebøker
  • Pantebøker
  • Tingbokmateriale
  • Eilert Sundt sine skrifter
  • Matrikkel over studentar ved Universitetet i Kristiania i perioda 1813-1904
  • Folketeljinga for 1885 og 1891 for nokre få område
    ¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯
    1)  Det eldste materialet frå 1668
    2)  Berre Hedmark, Buskerud, Telemark og Troms amt
    3)  Landsdekkande  
    4)  Berre for Troms amt
FAGLEG VIRKE

Søkjeprogram og koding av folketeljingar
Folketeljingane, kyrkjebøkene og gardsmatrikkelen for 1886 er gjort tilgjengeleg for brukarane gjennom ulike søkjeprogam på internett. 1865- og 1900-teljingane og gardsmatrikkelen av 1886 er landsomfattande (med det unntak at Finnmark manglar matrikkel).

Søkjeprogrammet for folketeljingar har både ein enkel og ein avansert versjon, sistnemnde er spesialdesigna for studentar, forskarar og bygdebokforfattarar. Ein ekstra modul i dette programmet baserer seg på standardisert søkjing ved å bruke fødestadskodar (kommune- og landsnummer) i 1865- og 1900-teljingane. På denne måten vil vi få heilt nøyaktige tal for kor personar er fødde. Til saman er 73.000 unike fødestadsopplysningar i folketeljinga for 1900 koda til ein firesifra kode for kommune eller land.

Data på internett er tilgjengeleg frå vår web-server der vi nyttar Windows 2003 server og Oracle databasesystem. For mindre databasar og registreringsprogram nyttar vi MS Access.

369.000 unike yrkesopplysningar og 25.000 familiestillingsopplysningar er koda for bruk i søkjeprogrammet. Ein fullstendig koda versjon både av 1865- og 1900-teljinga er no ferdig, mens det i 2007 særleg har vore arbeidd med doble yrke. Data- og statistikkfiler (rådata og SPSS-filer) er tilgjengeleg for nedlasting på nettet. I 2007 blei 1875-teljinga gjort klar på tilsvarande måte, mens dei mange og viktige biyrka i norske teljingar blir underkasta spesiell koding. Ei utviding av kodearbeidet er gjort i samarbeid med The North Atlantic Population Project (NAPP) ved Minnesota Population Center. Namna i folketeljingane blir no standardisert, jamfør nedanfor under Namnegransking.

Utvalsregistrering
1875-teljinga er fullt ut registrert for om lag ein firedel av Noregs kommunar; dei største byane, og dei mest etnisk heterogene områda. For resten av landet har vi digitalisert to prosent av hushalda frå den nominative 1875-teljinga. Ved å nytte vekter kan vi då lage statistisk representative studier for heile landet og på grunnlag av individdata frå 1875-teljinga. Dette materialet kan nyttast når ein vil samanlikne forsking med andre land som har liknande utval, til dømes med folketeljingsutval frå USA.

Registrering av to forsamlingar i folketeljingane for Kristiania 1918 og 1919 er sluttført. Dette var eit registreringsoppdrag for ein doktorand ved Universitetet i Oslo som disputerte på studiet av spanskesjuka.

Gardsmatriklar
I gardsdmatrikkelen for 1886 kan ein søkje på internett etter gardar i heile landet sør for Finnmark. Ein kan og overføre reknearkfiler fylkesvis for vidare handsaming i eigen datamaskin. 1838- og 1907-matriklane er berre delvis registrert, men ein kan søkje på internett i gardsmatrikkelen for 1838 i dei fire registrerte fylka.

Kyrkjebøker
Av kyrkjebøker er det i 2007 registrert fleire kjelder frå Nord Troms frå 1781 til 1927 for Skjervøy og frå 1860 til 1927 for Kvænangen og Nordreisa. I tillegg registrerer vi frå Kautokeino i Finnmark frå 1723 til 1916. Kjeldene blir registrert for stipendiat Hilde Jåstad ved Boreas-prosjektet ved Senter for samiske studier, Universitetet i Tromsø. Saman med professor Sølvi Sogner og Riksarkivet har vi avfotografert og digitalisert oversikter over norske bruder og brudgommar i vielseslistene for Amsterdam på 1600- og 1700-talet.

Studentmatriklane
Studentlistene frå Det kgl. Frederiks universitet i Kristiania blir registrert i perioden frå etableringa av universitetet (1811) og fram til mellomkrigstida. Dette blir gjort på oppdrag frå Forum for Universitets- historie, Universitetet i Oslo. Arbeidet blir i første omgang nytta til utarbeiding av eit historieverk om Universitetet i Oslo, som skal vere ferdig til 200-årsjubileet i 2011. Avdelinga i Målselv transkiberer og kontrollerer materialet i MS Access. Det er så langt registrert studentlister frå 1813 til 1913. Det blir forhandla med UiO om å sluttføre prosjektet.

Internasjonalt kodingsarbeid - HISCO
Stadig større delar av historiske namnedata ligg på internett. Især er det av stor sosialhistorisk verdi å kode yrke, slik at dei kan bli samanlikna over tid og over landegrensene. Etter eit initiativ frå Nederland starta ei gruppe forskarar i 1996 arbeidet med å lage ein internasjonal standard for koding av yrke i historiske kjelder. RHD har vore norsk partnar i dette samarbeidet. Den ferdige standarden for koding av yrke, kalt HISCO (Historial International Standard Classification of Occupations), blei lansert i bokform i 2002 med Marianne Erikstad som medforfattar.

Arbeidet med HISCO blei frå 2001 ført vidare i the North Atlantic Population Project (NAPP) der RHD saman med Digitalarkivet representerer Noreg saman med Canada, England, Island og USA. RHD har teke aktivt del i prosjektarbeidet gjennom møte i Minneapolis, i Tromsø, på Island og i England, der arbeidet med å klargjere ein felles standard for folketeljingane er ført vidare. Prosjektet har arbeidd fram og implementert ein enklare versjon av HISCO for å kode yrke. For å kode fødestad og familierelasjonar nyttar vi både standardar frå IPUMS (The Integrated Public Use Microdata Series), utvikla ved Universitetet i Minneapolis, og norske kommunekodar. Ei ny oversikt over desse kodane med endringar er blitt laga. Heile folketeljinga for 1900 i koda versjon ligg no klar for å kunne lastast enten totalt eller i form av utdrag saman med folketeljingar frå samarbeidslanda. Folketeljinga for 1865 blei i 2006 revidert og sendt til USA i tilsvarande format og i 2007 blei folketeljinga for 1875 sendt. RHD koordinerte ei overføring av folketeljingane 1890 og 1900 for heile Sverige til samanliknande format, og National Science Foundation har løyvd pengar til å gjere og desse tilgjengeleg for å kunne lastast ned via internett. Det er vidare planlagt å leggje til den norske folketeljinga for 1801 i den nye prosjektperioden fram til 2008.

Informasjon om HISCO, NAPP og IPUMS ligg på følgjande internettadresser:
http://historyofwork.iisg.nl/
http://www.nappdata.org/
http://www.ipums.umn.edu/

Medisinhistorisk forskning
Fire doktoravhandlingar er dei seinaste tre åra forsvart ved Universitetet i Oslo, i stor grad basert på nominative data digitalisert ved RHD. Det gjeld for det eine Svend-Erik Mamelund, som med data frå 1918- og 1919-folketeljinga for Kristiania som den første i verda kunne syne samanhengen mellom mortalitet i spanskesjuka og sosial bakgrunn. Den andre doktoranden var Eli Fure, som med sine studier av spedbarn sin mortalitet i Asker og Bærum blant anna har revitalisert ernæring som ein viktig faktor bak mortalitetstala. Kåre Bævre har lagt fram nye resultat mellom anna om skilnaden mellom menn og kvinner sin mortalitet, og Hans Henrik Bull har studert strukturen til hushalda i Rendalen.

Namnegransking
Saman med professor Gulbrand Alhaug ved Det humanistiske fakultet søkte RHD i 2004 Noregs forskningsråd om infrastrukturmidlar til å standardisere namnematerialet i dei historiske folketeljingane dei neste tre åra. Dette vil både gjere det lettare å finne fram til personar og gjere namnestatistiske undersøkjingar meir realistiske. Arbeidet blei forsterka med ein assistent frå hausten 2005. Primo 2007 er versjonar av standardformer av fornamn og stadnamn klar, noko som gjer det mogleg å søkje meir effektivt og i etternamn.

Etnisitet
Dei norske folketeljingane inneheld data om folk sin etnisitet i den nordlege delen av landet. RHD har fått støtte frå det internasjonale Boreas-prosjektet til å standardisere slike data på bustadsnivå, eit arbeid som blir utført av cand philol Hilde Jåstad.

Eilert Sundt sine skrifter
Desse er i utval skanna, overført til tekst ved hjelp av optisk lesing og lagt til rette på internett. Det blir no arbeidd med å leggje ut dei delane av produksjonen hans som er oversett til engelsk av Michael Drake. For å gjere det lettare å laste dei ned, blei tabellmaterialet arbeidd om frå bilde- til tekstform.

Register til Historisk tidsskrift, Heimen og HIFO-nytt.
Registret blir halde ved like og blei og i 2006 oppdatert av RHD. Ein søknad om å leggje ut heile innhaldet i dei tre periodika er under førebuing saman med Den norske historiske forening, eit arbeid som går seint, jamfør reglane om opphavsrett.

Kundeservice
RHD utfører rettleiingsteneste, det meste via svar på e-post, men og telefonisk og i brevform. Lokalt ved Universitetet i Tromsø blir studentar rettleidd i å bruke våre data i forsking. RHD sitt forskingskontor er tidvis i bruk av forkarar og studentar.

Ei viktig oppgåve er å etablere faglege samarbeidsprosjekt for å gjere RHD sine data betre kjent, men og for å auke nytta av det kjeldematerialet som RHD har registrert. Faglege leiar ved RHD har hovudansvar for rettleiing og etablering av det faglege nettverket.

Internettbrukarar
Søkjing i dei historiske kjeldene på nettsidene våre er Universitetet sin mest brukte nett-teneste. RHD sine søkjesider for historiske folketeljingar og kyrkjebøker har til og med fleire treff enn Universitetet si hovudside (uit.no).

Det blei gjort meir enn 5 millioner søk i RHDs nettpubliserte kjelder i 2007. Ein gjennomsnittleg dag er det litt over 3500 besøk på søkjesidene våre. Tala syner at det er ein svært etterspurd søkjeteneste som RHD har etablert for både forskarar, studentar og slektsgranskarar. Loggen syner at tenesta blir nytta frå alle kantar av verda.

RHDs heimeside har adresse:

http://www.rhd.uit.no/


Ansatte ved RHDs avdeling i Målselv:

  1. Randi Eriksen (arbeidsleder, registrator)
  2. Eva Foshaug (opplæringsansvarlig, registrator)
  3. Liv Molund Olsen (registrator)
  4. Solfrid Fagertun (registrator)
  5. Bodil Vaage (registrator)
  6. Bente Bjørklund (registrator)
  7. May-Britt Nordgård (registrator, 1/2 stilling)
  8. Mari-Ann Rognmo Mathiesen (registrator, 1/2 stilling)
  9. Toril Anita Strand (registrator, 1/2 stilling)

Ansatte ved RHDs avdeling i Tromsø:

  1. Marianne Erikstad (dataansvarlig)
  2. Gunnar Thorvaldsen (faglig leder)
  3. Trygve Andersen (IT-konulent)

  4. Bente Ramsvik (tilsett ved Det humanistiske fakultetet, vårsemesteret 2007)


Diverse informasjon og nøkkeltal:


Tromsø, oktober 2008
Gunnar Thorvaldsen


Registreringssentral for historiske data
Universitetet i Tromsø, N-9037 Tromsø
Oppdatert: 16. oktober 2008