GJENTANE PÅ MOEN

av

Sylfest Strutle og Gaute Balde,
lyrikarar

Å gjentane på Moen, dei er so fjåge -
med butl i retta og fjutja i håret.
Dei gjeng der og stykkjar med stakken sin
og sit der og pønkjar på skrivemaskin.

So kom der ein sogesvein snett og fjæg
med happen foran og strutten på svæg
og sa at "No gjentar - no skal det vera !"
- Og inn i bui seg att låt bera !

Og Liv ho suttja - og Randi flutta -
for dei hadde ikkje fått sprutt på gutta;
og alle dei andre dei stod og stakk
i stuttjen på retten da erra sprakk !

Og Gunnar - som sveinen so kjekkande heit' -
heve floppy på lomma og putten på spreit -
han vrengde disketten og stakk den i sprekka
og gjentane skreik og savla på smekka
"0 hoi ! 0 hoi ! Å hildrande du !"
I ratten ska fjøra og gjenta va hju !

Men bui ho låg der so ljog og kjåse
Og utafor stuttja kom gamle Mor Åse!
Og ho sa: "Eg høyre - kva høyre eg no?
Har gjentane strukkja disketten på sno ?"

Men der gjekk jo teipen, og der gjekk jo printen
og ALTOS og Karlsøy og kveiten og klinten
og Gunnar han dingla og gjentane sveit!
"Å Gud brutle !" sa Åse, "Hor heitanda heit -
um våren !'